Maa kulturokkupantane Volapuk ut? (nynorsk) |
Det som i utgangspunktet var ein verneaksjon, har utvikla seg til ein kulturokkupasjon for den ikkje-kommersielle kunsten. oppi dette har Volapuk utvikla seg til aa verta ei av dei stoerste scenene for poesi og litteratur i Oslo. Det har vorte arrangert hundrevis av kulturarrangement, konsertar, festivalar og skrivekurs. Kvart aar har Volapuk fire festivalar. Dagleg leiar for Volapuk, Hans Broch Nielsen, meiner at planane til Selvaaggruppen kjem til aa oeydeleggja kulturstiftinga Volapuk. Han ber difor kulturministeren soergja for at staten eksproprierer eigendommen og leigar han ut til stiftinga.
Selvaaggruppen har i ei pressemelding opplyst at husa skal pussast opp fraa juli i aar, og at dei som held til der maa ut seinast 28. juni.
- Det er i dag tolv personar, pluss to born, som bur i husa, skriv Hans Broch Nielsen i ei pressemelding.
Kilde: Dag og tid, nr. 14, 6. april 2000
Dag og tid